Møre og Romsdal

LOS 300 i Fosnavåg

17. jun. 2020

Museumsskipet "Gamle Oksøy" kjem til Fosnavåg. Saman med Herøy kystlag og Herøy kommune vil vi halde ope skip.

Då losvesenet vart organisert for 300 år sidan, stod det allereie losar på utkikk i Herøy. Stadar som Runde, Kvalsvik og seinare Skorpa vart sentrale stadar for losing. På Runde vil Knut Asle Goksøyr halde omvising i den gamle loshytta.

Fartøyet Gamle Oksøy vart bygt i 1962 for å kunne frakte olje og gass til fyr og fyrlykter langs heile kysten. Fartøyet var ein viktig del av å halde drifta av fyra i gang. På 1980- og 90-talet deltok skipet i arbeidet med å elektrifiseringa fyr og fyrlykter. Fartøyet var med på å gjere seg overflødig. I 1996 vart skipet teke ut av drift og er i dag eit museumsskip for Kystverkmusea, etatsmuseet til Kystverket.


Musea på Sunnmøre er ein del av Kystverkmusea.