Vi markerte lostenesta sitt 300-jubileum eitt år på etterskudd, med eit covid-19-tilpassa tokt langs kysten i juni og august 2021.
Lostenesta i Noreg fylte 300 år i 2020. Planen var at dette skulle feirast under fanen LOS 300 gjennom ei rekke lokale arrangement langs heile kysten. Grunna covid-19-situasjonen valde vi å utsette både jubileumsseilas og alle arrangement til sommaren 2021.
Toktet med museumskipet M/S Gamle Oksøy starta 29. mai i Vardø. Og i løpet av juni og august besøkte vi 35 havner langs heile kysten. Seilasen ble gjennomført i tråd med gjeldande smitteverntiltak på grunn av covid-19 situasjonen.
Seglasen vart filma live, 24/7 og publikum kunne dermed følge toktet "minutt for minutt".
Det er Kystverket og Kystverksmusea som står bak arrangementa, i samarbeid med ei rekke lokale kystlag, kommunar og frivillige organisasjonar.
– Vi er svært glade for at Kystverket valde å utsette markeringa framfor å avlyse og vi har hatt ein fantastisk seglas i all slags ver, med flotte markeringar langs heile norskekysten, seier prosjektleder for LOS 300 og leiar av Kystverkmusea, Espen Frøysland.
Det er Kystverket og Kystverksmusea som står bak LOS300-arrangementa, i samarbeid med ei rekke lokale aktører som kystlag, kommuner og frivillige organisasjonar.
Loshistoria er rik og imponerande, og den stolte historia skal naturleg nok vere eit tema - samtidig som vil vil fortelle om losens rolle i dag, og i framtida.
– Opp i gjennom årea har losen og lostenesta spelt ei viktig rolle for sikkerheten til sjøs og utviklinga av kyst- og sjøfartsnasjonen Noreg. Det er det liten tvil om. Vi skal sjølvsagt sjå oss litt tilbake, men vel så viktig er det å sjå framover. Losane er i dag høgeknologiske, og har kanskje ei viktigere rolle enn nokon gong. Det ønskjer vi å vise fram, seier losdirektør Erik Blom i Kystverket. Eit viktig arbeid i samband med jubileet blir difor å dokumentere og vise fram losens arbeidskvardag, som kanskje ikkje er så kjent for folk flest.
Ved sida av lokale arrangement er forsking og formidling viktig. Ei unik artikkelsamling om eldre og nyare loshistorie er under arbeid, og det er laga ei utstilling om losens historie fra 1720 til 2020, som blir å finne på alle dei fem Kystverksmusa, samt på fleire av arrangementene i sommar.
Fakta om Kystverkets lostjeneste
I 1720 ble lostjenesten organisert gjennom en kongelig forordning. Dette ble starten på lostjenesten og det som i dag er Kystverket.
• På landsbasis har Kystverket rundt 300 loser i tjeneste, stasjonert ved 26 losstasjoner.
• Det utføres rundt 40 000 losoppdrag i året over hele Norge – i snitt 100 per dag.
• Lostjenesten bidrar til å trygge ferdselen på sjøen og verne om miljøet, ved å tilføre fartøyets mannskap nødvendig farvannskunnskap til å foreta sikker seilas.
• Lostjenesten er tilgjengelig 24 timer i døgnet, hele året, og er finansiert av avgifter betalt av skipsfarten som benytter seg av tjenesten.