Viti

Kystverkmusea i Midt-Norge

Viti representerer region Midt-Norge i Kystverkmusea.

Viti har kompetanse på historia om fyr og fyrbygging. Viti har tidlegare drifta Dalsfjord fyrmuseum og forvalta fotografi og gjenstandar frå Fyr- og merkevesenet.

Frå utstillinga i Dalsfjord
Frå utstillinga i Dalsfjord

 

I 2012 opna Viti (på den tida Stiftinga Sunnmøre Museum) ei utstilling i Dalsfjord fyrmuseum som fortel historia om Fyrvesenet og dei sunnmørske fyrbyggarane. Viti drifta museet fram til 2021.

Viti formidlar loshistorie gjennom utstillingar på Fiskerimuseet i Ålesund. Ved museet kan du også sjå hamnefyret Molja, der du kan følge med på skipstrafikken ut og inn av hamna.

Dei sunnmørske fyrbyggarane

Ein av pionerane blant dei sunnmørske fyrbyggarane var Ole Gammelsen Mork frå Volda. I 1825-26 deltok Mork i arbeidet med å setje opp eit kolblussfyr på Runde. Under dette arbeidet utmerka sunnmøringane seg. Det vert fortalt at arbeidarane frå Kristiania sokk i kne då dei skulle bere kalk over fjellet.

Frå slutten av 1830-åra reiste fleire lag med sunnmøringar langs norskekysten for å setje opp fyr og sjømerke. Arbeidarane frå søre sunnmøre fekk godt ord på seg og fekk delta i arbeidet med å sette opp eit 70-tals fyrstasjonar. I tillegg sette dei opp tusentals av lamper og sjømerke. 

Arbeidet i Fyr - og Merkevesenet gjekk nærast i arv frå generasjon til generasjon i bygdene i Volda og Ørsta.

 

Losutstilling Vel i havn 20170519 DSC05802 mindre.jpg

Fiskerimuseet i Ålesund